Velledalen IL har fått pengar til skulegardskart
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Mar 2020
Glede i VIL-leiren etter
at O-gruppa ved Pernille har fått pengar gjennom prosjektet «Orientering –kart i
skule og fritid».
Møre og Romsdal fekk samla
21 000 kroner, 12 000 til Velledalen IL og 9 000 til Emblem IL.
I fyrste omgang vert alle interesserte skular oppmoda om å ta kontakt med
Pernille. Truleg går det mot eit felles kurs i Sykkylven for alle interesserte
lærarar.
Men før ein kjem så langt,
må dei ulike karta på plass. Laga av kartteiknarar som kan faget.
Uansett ei fin fjør i
hatten for o-gruppa i Velledalen IL!