Idrettsgalla: Pris til Nærbutikken

Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Mar 2020

Kaka som var levert til
Idrettsgallaen, kan stå som eksempel på kva den lokale butikken kan by kundane
sine. Ei vakker, smakfull kake med VIL-logoen i fargar. Og Velledalen IL brukar
lokale leverandørar så sant det let seg gjere. Middagen leverte VIL-medlem Sondre
Bårnes frå Orreneset, medan ein som premieleverandørar kunne slå i bordet med
VIL-medlem Per Magne Drotninghaug, VIL-medlem Morten Holmberg, Nærbutikken i
Velledalen og VIL-medlem Solveig Hopland. Nært og nyttig over heile lina, med
andre ord