Fantastiske medlemstal i januar og februar

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Mar 2020

VIL-kasserar Henning
Tandstad er i godlune om dagen. Ved utgangen av februar hadde han passert 160
betalande medlemar. Om dette nokon gong tidlegare har hendt, må det vere i
Elisabeth Urke sine glansdagar som medlemsansvarleg. Og enno er det lenge att
av året.

  

  -
   

 Velledalingane
har nok framleis flest medlemar, men i all hovudsak kjem veksten frå resten av
Sykkylven, Ålesund & omegn og ei godt veksande Oslo-avdeling, seier Yste-Øggars
Henning til VIL-Nett.

 -
   

 Dette er så
oppmuntrande at det vil kome ei ny premietrekning mellom alle som har betalt
kontingent innan 31.mars. Kanskje har vi passert 200 betalande då, drøymer
kasseraren.
   



  

PS. Kontonummeret er 4045
10 23537

Born: kr 100,-

Vaksne kr 200,-

Familie kr 400,- (gjeld to
vaksne og inntil to born)