Maraton-prisen gjekk til Njål

Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Feb 2020

Hausten 2019 imponerte
Njål med ein heilmaraton på 2.44.34 i Oslo. Ny personleg bestetid med seks
minutt, og ny klubbrekord for Velledalen IL. Rett nok har Sverre Gunnar Brunstad
sprunge raskare, men han representerte Lørenskog Friidrettslag når han gjorde
det.

Njål har sjølv peika på
tre punkt som var årsaka til at det gjekk betre enn venta denne laurdagen, der
han sprang jamt som ei klokke, og aller raskast mot slutten av det 42 195 meter
lange løpet.

1. 17 veker med betalt trening, forkledd som pappaperm.

2. Drahjelp av søskenbarnet Jon Fiva gjennom nesten heile løpet (Njål
rykte frå mot slutten).

3. Lite sjølvinnsikt.

Vi skal heller ikkje gløyme Hytteplanmila ved Hønefoss i oktober. Den
gjorde han unna på 34.40

   - knallsterk
19.plass i klasse 35-39 år.

Og vi kan – som alltid – føye til ein sterk etappe for Velledalen IL
under Holmenkollstafetten i mai.

Med andre ord; særdeles fortent maraton-pris til Njål!

PS. Det ligg i prisen at
Velledalen IL betalar Njål sin startkontingent i eit heilmaraton ein eller
annan stad i verda i året 2020.