Treningsstipend på 5000 kroner til Kjell Magnar

Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Feb 2020

Kjell Magnar Berli hadde
ein kort, men hektisk løps-sesong i 2019. Den starta med 15.05 og siger i
Konradløpet 1.mai, og slutta med 10.25.28 og tredje beste tid i Hornindal Rundt
den 6.juli. Sesongen vart med andre ord ikkje lenger enn drygt 60 dagar, men
det var kvalitet i alle løpa. Nye personlege bestetider så å seie over alt. Det
4,45 km lange Konradløpet vann han på 15.05 – fire sekund under den tidlegare
bestetida.

I slutten av mai vann han Molde 7 topper på 1.51.43.
 Løype-omlegging gjorde at tida ikkje kan samanliknast
med tidlegare år.

Under Nibbeløpet vart han
nummer tre totalt på 1.41.27 – tidlegare bestetid 1.42.52.

Varden Opp i Langevåg
gjorde han unna til ny tredjeplass på sterke 44.27.

Tomasløpet i Straumgjerde
vann han på 17.23 – ny løyperekord - siste helga i juni.

Og det slutta fyrste helga
i juli med Hornindal Rundt (75 km og 5600 høgdemeter). Her låg Kjell Magnar i
rute halvegs til å kunne ta sunnmørsrekorden på 10.00.01, men ein skade gjorde
han hadde meir enn nok med å ta seg til mål. Likevel inn til fantastisk 3.plass
og ny personleg bestetid med 10.25.28 – kring seks minutt under tidlegare
bestetid.

Kjell Magnar er for tida
god på alle type løp, og spesielt god i teknisk krevjande terreng og i nedoverbakkar.
Komande sesong er 100 km løpet i Stranda Fjord Trail Race eitt av hovudmåla - kanskje det største. Og stiller han i ultraløp-NM i Molde kan han bli skummel.…
Kjell Magnar har før vist at han trivst i terrenget der.

Velledalen IL gratulerer
Kjell Magnar med fortent pris.