Idrettsgalla: Atle Hole fekk heiderspris
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Feb 2020
HEIDERSPRISEN
Atle Jomar Hole
(fødd 29.3.1956) er ein av dei som har brukt all si fritid i idrettens teneste , og vist eit engasjement , ein kreativitet og ein omsorg for idrettsmiljøet rundt seg som langt overgår ”vanleg standard”.
Det er han som gjennom livet har i kledd seg eit uttal rollar innanfor idretten og har meistrar dei alle; som aktiv idrettsutøvar innan langrenn, friidrett og fotball, som trenar for aldersbestemte fotball-lag, som styremedlem og styreleiar i årtier, som fotballdommar, redaktør av klubbavis & nettside, som kreativ oppfinnar av nye arrangement som tek ”publikum” med storm og gir gode pengar i klubbkassa – det vere seg arrangement som ”Humorens kveld”, ”Kakeeterfestivalen”, ”Fotballskule”, ”Førjulsmesse”, Idrettsgalla”, ”Konradløpet” og ”Minikonradløpet” der han tek regien og gjerne er speaker og programleiar med gode historier på lur.
Atle var også den som førte hesteskokasting fram til å bli Velledalen sin nasjonalidrett utover 1980-talet. Han var primus motor bak det første hesteskokastarstemne i Velledalen i 1978. Dette utvikla han fort til store arrangement med over 200 deltakarar frå heile landet.
Atle er ei levande historiebok over laget sitt virke, og har lagt ned eit stort arbeid med å samle ”idrettsminne” frå eldre utøvarar, og på den måten deler og synleggjer kontrastar og utvikling innanfor idretten på ein levande måte.
Han har sansen for statistikk og har ein glødane penn som han nyttar flittig i idrettens teneste. Han er over alt, på arrangement og konkurransar. Han elskar å lyfte fram andre, å synleggjere alle utøvarar frå dei minste til dei eldste. Han finn sågar på eigne fantasifulle prisar for å kunne heidre flest mogeleg. Han fyller spalter på spalter med nyheitsstoff frå store og små konkurransar over heile kloden der det måtte finnast ein utøvar frå laget eller med tilknyting til Velledalen. Han har ei utruleg omsorg for tillitsvalte, utøvarar og medlemmar. Han ordnar med juleblomster til tillitsvalte og andre som han meiner fortener det, julekort til medlemmar, fyl med over alt, ingen runde dagar eller gravferder går under radaren. Atle er der sjølv på den siste reis, med eit siste farvel, og gjennom gode ord deler han idrettsminner og heidrar dei som har trakka i løypa føre han.
Atle Hole er ein person som har lagt ned ufatteleg med timar i idrettens teneste, løfta fram andre, vore ei kreativ kraft og eit godt lim for idrettsmiljøet i Velledalen Idrettslag. Det er ufatteleg at ein person i fullt arbeid, kan rekke over så mykje friviljug arbeid. Han har gitt så mykje ros og delt ut så mange prisar til andre, at det er på tide han får heider tilbake sjølv i form av ein eigen heiderspris, meiner juryen i årets idrettsgalla.
Personalia:
Atle Jomar Hole, fødd 29.3.1956, bur og oppvaksen i Olagarden på Hole i Velledalen, Sykkylven kommune. Yrke: Mjelkebonde og frilansjournalist, jobba tidlegare også 8 år deltid for Statistisk Sentralbyrå som intervjuar. Gift og har 3 døtre.
ATLE SOM IDRETTSUTØVAR, TRENAR OG TILLITTSVALT.
Langrennsløpar
Starta som langrennsutøvar i sitt første langrennsløp i 8-9 års alderen for Velledalen Idrettslag
Kretsmestar som 10-åring og 3 gongar kretsmestar i stafett for Velledalen IL både som aldersbestem løpar, som junior og som senior.
Fotballspelar
Starta som fotballspelar for Velledalen & Ringen fotballklubb (VRF) som 11 åring, spelte aktiv til fylte vel 30 år med 543 A-kampar for VRF. Opplevde oppturar og nedturar frå nivå 3 i norsk fotball ( i 1979) og ned til nest lavast kretsnivå.
Fotballdommar
Aktiv fotballdommar rundt om på Sunnmøre i 6-7 år.
Fotballtrenar
Fotballtrenar for aldersbestemte lag i VRF i mange sesongar.
Friidrettsutøvar
Vore med i utallige stafettar for Velledalen IL som Holmenkollstafetten (5 år), Breimstafetten, Patchellstafetten, Sunnylvsstafetten og ulike kretsmeistarskapsstafettar.
Tillittsvalt
Atle Hole kom med som tillitsvalt første gong i Velledalen IL 3.desember 1972 som medlem i laget si langrennsgruppe (undergruppe til hovudlaget) og som styremedlem i hovudlaget 2 år seinare i 1974 (29.sept.).
No kan Atle sjå tilbake på:
20 år som styreleiar for Velledalen Idrettslag og ytterlegare 8 år som styremedlem der han framleis verkar for fullt.
Utnemnt som æresmedlem av idrettslaget i 2007.
2 år som styreleiar for Velledalen & Ringen Fotballklubb (VRF)
Ove Inge Skylstad