Sykkylven Mållag heidra Sissel Beate for godt språk
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Feb 2020
Ungdomshuset Vaarvon i
Straumgjerde var arena for begge hendingane. Odd Drabløs vann kvilestolen som
Velledalen IL hadde som hovudpremie under Idrettsgalla-lotteriet, medan Sissel
Beate dagen etter fekk Målprisen for godt språk (nynorsk) som Sykkylven Mållag
deler ut.
Sissel fekk her rippa opp
hendingar frå skuletida si. Ho starta på Velledalen Skule i 1963 i ei 1.klasse
med 16 elevar – åtte jenter og åtte gutar – alle oppvaksne lokalt. Når Sissel,
med mor frå Nord-Noreg, frå dag ein i skuletida si sa «rødt» i staden for «raudt»,
måtte ho tåle mange korrigeringar og gneldrete born som heile tida fortalde
henne:
-
Det heite ikkje rødt,
men raudt!
Før skuleåret var omme var
Sissel så godt som kurert. Grunnlaget for at ho i all si prakt kunne stige fram
på Vaarvon-scena og motta denne prisen i februar 2020, vart altså lagt hausten1963
og våren 1964. Vi kan neppe kalle det langtidsplanlegging, men det bør nemnast.
På folkeskulen utmerka
Sissel seg som dyktig i alt som var «tungt og skulle hivast langt», som Jo
Nesbø seier i ein songtekst. Sissel var best av jentene i slengball, ho skaut
hardast av jentene i kanonball (stikkball), og var av toppane i lyrespel og
strekkhopping (på flat mark) som jentene dreiv med i friminutta. Ho kunne
sikkert «matcha» veslesystera, Heidi, som i 1975 vart KM-vinnar i kulestøyt for
Velledalen IL, om ho hadde fått tilbodet.
60-talet vart avløyst av
70-talet, folkeskulen av ungdomsskulen, der Sissel vart klassa sin fremste
talskvinne for kvinnene sine rettar i samfunnet. Ho tok freidig opp kampen mot
lærarar som våga ytre seg i det ho meinte var feil retning. Slike fanst, men då
slo Sissel knytte-neven i pulten.
Så gjekk åra med vidare
skulegong og utdanning. På den friviljuge arenaen halla og mot dei frilynde og
ungdomslaget. Ho skaffa seg kortreist mann og tre born. Jobb-messig er ho best kjend
frå NRK – ei behageleg røyst å lytte på, eller vakne til.
For drygt 20 år sidan drog
Sissel Beate i
gong suksessen Velledalen
Sogelag saman med Kari Hjorthol og Jarle Lade. Denne organisasjonen gav i 2003
ut boka «Sætrar under Tinderad», med eldstetausa frå Sølmongarden som med-redaktør.
Seinare kom bøkene «Den gamle sunnmørsjula» (2007) og «70 sætreturar på
Sunnmøre» (2010) – begge i spann med John Roald Pettersen (gift med Olaug
Drabløs som er søstra til Odd Drabløs). Siste skot på bokstammen er «Norsk
Ølhistorie» (2019).
Både i jobb og som frilandsjournalist
er Sissel kjend for eit godt språk – skriftleg og munnleg. Bøkene hennar
synleggjer ei enorm kulturhistorisk interesse. Og sidan minst tre av borna til
Svanhild og Harry har skrive bøker, viser det at det er «noko» utover det
normale med dei.
Velledalen IL gratulerer
Odd, Sissel - og alle Sølmongarden sine støttespelarar - med ei drivande god
helg, den 22. og 23.februar 2020!
Atle Jomar
Nestleiar i VIL
Klassekamerat i dei harde
60-og 70-åra.