Idrettsgalla: Gjevaste prisane til Anette og Olaf
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Feb 2020
Ei rad prisar vart delte ut, noko vi skal kome tilbake til etter kvart. Men vi opnar med dei to gjevaste prisane, «Årets Utøvar 2019», som gjekk til Olaf Einar Øien på herresida og Anette Heimli Jokstad mellom kvinnene – ein breiddeutøvar (Olaf) og ei som satsar noko tøffare. I tråd med den filosofien Velledalen IL likar å ha på drifta av laget.
Kort om prisvinnarane:
Olaf (76) har ein imponerande «drive», trass høgste ungdomstida er forbi. Kan skilte med kring 20 løp med startnummer på brystet i 2019. Dei fleste av dei heller lette og flate, som karuselløpa i Ålesund sommar som vinter (5 km) og Konradløpet (4,5 km). Men han skuggar heller ikkje unna tøffare prøver. Motbakkeløp sprint, som Koldabakken Grand Prix, riv i pusteorgana. Olaf var der. Tomasløpet i Straumgjerde er bratt og gir lite rom for kvile. Olaf på plass. Varden Opp i Langevåg stussa han heller ikkje på, og vi var stolte av å ha han til start under Mefjellet Opp i Fjørå, som i 2019 var NM i motbakkeløp. Men rosina over alle rosiner for Olaf Einar Øien i 2019 var løp nummer 26 av 26 mulege i Geiranger. Olaf er den EINASTE som har delteke alle gongane i det 21 kilometer lange motbakkeløpet med 1500 høgdemeter mellom start og mål. Og hugs; han var 51 år når han debuterte. Som 53-åring gjorde han løpet i Geiranger på 1.58.57 – i 2019 brukte han tre timar og 56 minutt. Olaf har ti klassesigrar i dette løpet!
Anette (31) er OCR-utøvar – eller hinderløp. Saman med kjærasten Nikolai, har ho i 2019 satsa på den nordiske Toughest-serien. Der imponerte Anette med tre pallplassar og ho låg på ein knallsterk 4.plass før finalen i Gøteborg. Vidare deltok ho i VM i London, der ho hadde suksess i Mix-lag saman med Nikolai og Marcus Megrund (som tidlegare budde på Sunnmøre og sprang for Valder) med framifrå fin 9.plass.
Anette har elles levert 42.12 på Hytteplanmila og 2019, og ho vann fem km under sommarkarusellen i Ålesund i juli på 21.01. Elles skriv juryen om Anette:
- Saman med Nikolai har Anette i 2019 vore ein fantastisk ambassadør for Velledalen IL. Eit føredøme på bruk av profilerings-klede, og elles marknadsført Velledalen IL på beste måte. Gjennom foto, videoar og tekstar har ho bidrege med kunnskap til VIL-medlemane om OCR-hinderløp som idrett.
Anette sin pris vert delt ut under premieutdelinga til Konradløpet.