Vinterkarusell nr 4: Andreas og Frode klassevinnarar
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Feb 2020
Det var ikkje i nærleiken
av vinter då fjerde løpet i Ålesund Vinterkarusell vart arrangert laurdag 8.februar.
Fin temperatur, opphaldsvêr og ein lei vind. Medvind innover og motvind
tilbake. Dei som representerte Velledalen IL var:
M 75 +: Olaf Øien nummer
to med tida 33.14.
M 50-54: Svein Arne Nakken
nummer to med tida 23.02.
M 45-49: Frode Mauren
klassevinnar med 20.39 – tilbake etter skade.
M 16-17: Andreas Mosby
Nakken klassevinnar med tida 20.12
M 16-17: Sivert Mosby
Nakken nummer to med tida 20.51
Elles tek vi med at
friidrettsleiar i Velledalen IL, Alf Petter Bøe, vann klasse 50-54 år for
Rindal IL med tid 40.53 på 10 kilometer. Fridtjof Fredriksen, Sykkylven, vart
nummer tre i same klasse med tida 44.15.
Raskaste herretid på fem
kilometer hadde Kristoffer Nonstad med tida 19.14. Aron Dyp leverte eit
kjempeløp på ti kilometer med tida 34.38, nær to minutt føre Per Myren, som
vart ein god nummer to.