May Evy beste kvinne på 5 kilometer

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Feb 2020

I alt 67 løparar fullførte
fjerde løpet i Vinterkarusellen i Ålesund, arrangert laurdag 8.februar. 20 av
desse kvinner. Og vi kan stolt rapportere at May Evy Nesheim, Velledalen IL,
fekk best tid av alle kvinner på fem kilometer med tida 22.17 – klassevinnar i
klasse K 45-49 år. Nærast kom ei anna sykkylvs-kvinne, nemleg Marita B.
Andreassen med tida 25.22. Irene Mork, Ekornes BIL, vart nummer tre i klasse
45-49 år med tida 28.22.

   Lillian Nykrem er ganske så fersk som
løpar, men fekk ei flott oppmuntring med klassesiger i klasse K 35-39 med tida
29.11.

Nina Alvestad vart beste
kvinne på 10 km med tida 44.27, føre Silje Kulen med 46.00. Ingen kvinner frå
vårt lag sprang 10 kilometer denne gongen.

Siste løpet i
Vinterkarusellen vert arrangert laurdag 7.mars.