Nye karusell-løp i Ålesund 8.februar
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Feb 2020
arkivfoto
Fjerde løpet i Ålesund
Vinterkarusell vert arrangert laurdag 8.februar, med start 15.00. som vanleg
valfri distanse; 5 eller 10 kilometer. I alt vert det arrangert fem løp i vinterkarusellen,
og alle med tre løp eller meir vert premiert.
Usikkert vêr gjer at folk
ventar i det lengste med påmeldinga. Onsdag klokka 16.00, stod berre sju namn
på lista. Mellom desse Olaf Einar Øien, Velledalen IL i klasse M 75+
Sprekt gjort av Olaf, som
stiller på fem kilometer. Og vi berre nemner det; om ikkje fælt lenge fyller
mannen 77 år!
Men der blir nok fleire
frå Velledalen IL på startstrek. Nye oppdateringar og resultat frå løpet vil
kome på nettsida.