Dei finaste nedslaga
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Feb 2020
Helge likte stort sett all
idrett. Ikkje få timar vart brukt framfor skjermen heime i stova i Holemarka.
Slik tileigna han seg kunnskap på feltet – langt meir enn folk flest hadde. Ein
av idrettane som stod hjarte hans nær, var hoppsporten. Ein idrett han sjølv
dreiv i yngre år.
Frå 1965 og utover ville
lagnaden det slik at Holemarka vart Mekka for vinteridrett i Velledalen, med
lysanlegg både for hopp, alpint og langrenn. Helge budde med andre ord i
smørauget. Barneidretten blomstra i denne tida. Somme vaksne slengde seg og
med. Mellom dei Helge - som vinteren 1967 då Velledalen IL arrangerte kretsrenn
i hopp og KM i langrenn
like ved stova
hans - var 29 år.
Vi småhynane på Hole gjekk
ofte inn Holemarka og såg på dei eldre gutane, inkludert vaksne som Rolf og
Helge, dreiv hoppsport. Etter timevis med førearbeid og preparering fekk dei endeleg
sette utfor. Og vi fekk sett litt av kvart. Alle kategoriar hopp. Lange og
korte, mislukka og vellukka, stygge fall og der ein berre sopa nedi med hendene
etter landing, gutar som gret og gutar som lo, gutar som kom og gutar som
gjekk. Somme kom til og med på sykkel med hoppski! Her fanst det ingen vindmålar, ingen som
passa på at oppdrifta var optimal, ingen trenarar, ingen hoppdressar eller
hjelmar, ingen heis opp til toppen og ingen som sa du ville hoppe betre om du
slanka deg 17 kg, og ingen kosthaldsekspert til å hjelpe deg med oppgåva
heller. Nei, her måtte kvar og ein greie seg sjølv, og sette utfor når turen
var komen – uansett vêr og vind.
Helge Lødøen budde 200 meter frå bakken. Eg minnest at Helge brukte
lenger tid på toppen til konsentrasjon enn unggutane. Litt slik som Toralf
Engan. Men der han skilde seg mest ut var i siste fase av hoppet – nedslaget.
Lette, balanserte, telemarks-nedslag. Helge hadde alltid dei finaste nedslaga.
Nedslaga er viktige anten
ein driv hoppsport - eller elles i livet. 31. januar sette han sitt siste.
Heller ikkje då gjorde han
noko stort vesen av det. Stillfarande og kontrollert. På sjukehuset i Ålesund.
Takk Helge, for gode barndomsminne!
Atle Jomar
PS. Det fell naturleg på
ein dag der vi vil ære Helge Lødøen sitt minne at vi tek med eit «idrettsminne»
ført i penn av Arnfinn Brunstad. les her