Krevjande helgakonkurranse

Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Feb 2020

Spørsmålet var namnet på den siste VIL-leiaren som budde andre stadar
enn på Hole. Og svar-alternativa var:

1. Olaug Gjersrud

2. Oddveig Ånes

3. Katrine Ulriksen

4. Kari Hjorthol

Litt om alternativa:

1. Olaug Gjersrud har
aldri vore leiar i VIL, men mannen hennar, Odd Gjersrud, var leiar i 1972 og
1973.

2. Mange hadde svara
Oddveig Ånes. Men Oddveig har aldri vore leiar, men mannen hennar, Hallstein
Ånes, var leiar i siste halvdel av 1974 (då Reidar Bremerthun flytta) + at han
var leiar i 1976 og 1977.

3. Katrine Ulriksen var
rett svar då ho var VIL-leiar i 1997.

4. Kari Hjorthol har aldri
vore leiar, men ho var sekretær i hovudstyret i Velledalen IL midt på
1970-talet.

Denne gongen vart Kristin
Grebstad trekt ut som vinnar mellom dei som hadde svara rett. Ho kan vente seg
ein liten premie i postkassa.