Tusen, tusen takk til 94 grasrotspelarar!
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Feb 2020
Velledalen IL sine 94
grasrotspelarar sytte for 2662 kroner i klubbkassa i januar 2020.
-
Svært bra levert,
den beste januar månad vi har hatt nokon sinne, seier ein oppglødd kasserar,
Henning Tandstad.
Januar månad tre siste år:
2018: 2114 grasrotkroner - 82 spelarar
2019: 1924 grasrotkroner - 85 spelarar
2020: 2662 grasrotkroner - 94 spelarar
VIL- kasseraren gjer så
nokre trykk på «telefonen» sin og seier:
-
Det betyr at kvar
grasrotspelar står for 28,32 kroner i januar, eller meir interessant; kvar
grasrotspelar har spela for 404 kroner denne månaden.
Korleis det har gått med
spelarane våre seier soga ingenting om, men vi veit at fleire av dei vinn
premiar med ujamne mellomrom.