Britt Janne 40 år 1.februar
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Feb 2020
arkivfoto
40 år er ingen alder. Alle
som har passert 60 – slik leiaren vår gjorde 30.januar – veit det. Britt Janne
sorterer under trimgruppa, der ho er ein positiv og alltid blid støttespelar
under ulike arrangement. Ho er på plass 2.juledag under Romjulsmarsjen eller
ein vanleg sundag med trimbingo ein eller anna stad.
Familien Aune/Linga har
vore flinke med deltaking både i løp, sykling og på ski. Ein av favorittane har
vore Koldabakken Grand Prix. Her har eldste-dotter, Pernille, gått gradene for
å seie det forsiktig. Frå å vere motviljug deltakar, til å vere ein potensiell
vinnar mellom jentene/kvinnene.
Spør Velledalen IL Britt
Janne etter ei kake får vi alltid same svaret. Eit smil og «heilt greitt»!
I dag håper vi Britt Janne
slepp bake sjølv, men står som mottakar av bugnande kaker likevel. Det har ho
fortent.
Velledalen IL gratulerer medlem av trimgruppa, Britt Janne Hansen Aune,
med 40 års dagen!