Hurra for VIL-leiaren som fyller 60 år 30.januar!
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Jan 2020
Hau-tvillingane har begge
brei sportsleg røynsle. Både Ove og Kai har konkurrert i idrettar som handball,
fotball, langrenn og friidrett. Begge har vore med på VIL-laget i
Holmenkoll-stafetten på tidleg 80-tal, begge var sterke i 3-kamp (60 meter,
liten ball/kule og lengde) og begge hadde sine fyrste VIL-verv i svært ung
alder. Vi veit det ikkje, men Kai er kanskje den yngste kasseraren Velledalen
IL nokon gong har hatt.
Då Ove i 1978 vart
KM-vinnar i lengde utan tilløp på Skodje i 1978 (resultat 2,83), skreiv han seg
inn i ein gylden trio. Velledalen IL har gjennom tidene hatt tre KM-vinnarar i
denne greina, nemleg:
Arne Tvervaag (1960)
Øyvind Fet (1973) – også 60
år i 2020!
Ove Inge Skylstad (1978).
Elles kom VIL-leiaren på
topp-5 lista på trimposten i Holemarka sist sesong. Han står med 16 deltakingar
i Konradløpet – så godt som alle vil vi tru som tidtakarsjef – ein særs viktig
posisjon, og han har opp gjennom åra vore trufast på herretim og badmintom i
grendahuset. OBS! I sistnemnde grein vert det truga med «come back».
Sjølv om dagen vert feira
(?) i utlandet, vonar vi den stødige VIL-leiaren både får kake og meir til på
dagen. Heimbygda helsar deg på 60 års dagen kvar du enn måtte vere, Ove, og vi slengjer
med ei helsing til tvillingbroren Kai Roger også – traust VIL-medlem i mange
tiår.
VIL-Nett ropar ut eit hipp,
hipp hurra for Hau-tvillingane!!