O-gruppa i VIL har søkt midlar til skulegardskart
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Jan 2020
Pernille Ibsen Lervåg
skriv i ein e-post at ho har søkt om midlar til kart ved alle skulane i bygda.
Som vil seie Velledalen Montessori Skule, Hundeidvik Privatskule, dei kommunale
skulane Aure, Vik, Sørstranda og Ullavika, i tillegg til Sykkylven
ungdomsskule/Sykkylven vidaregåande skule
(same området).
Orienteringsforbundet har
lyst ut midlar til skulegardskart, kurs i kart-teikning (tenkt for ungdom) og
kurs for tilsette ved skular.
-
Om dette vert
aktuelt kjem O-forbundet sine folk oppover og held kurs for skulane. Det vert
gratis å delta, melder Pernille, som lovar kome tilbake med meir informasjon om
ho får tilslag på midlar.