Brunstadbakken i vinden

Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Jan 2020

1962 var året der berre
Arne Larsen (verdsmeister i kombinert) kom, av fire påmelde nasjonale «stjerner».
Men han gav dei kring 1000 frammøte valuta for inngangspengane.

For orden skuld nemner vi
at medlemskontingenten i Velledalen IL i 1962 var 3 kroner for vaksne, 2 for
born.

Tre år seinare, 27.mars
1965, vart det nytt renn. Eit renn med meir sus på deltakarsida. Møteboka til
Velledalen IL fortel at under 1965-rennet var startkontingenten for deltaking 5
kroner. Billettprisen for tilskodarar var 5 kroner for vaksne og 2 for born.

Sjå foto

Desse renna var eit stort
løft for Velledalen IL. Den jamne drifta var ikkje all verda denne tida i
1962/1963 hadde laget berre åtte innskrivne medlemar. Året etter var talet
tolv. Men dei to renna i Brunstadbakken gav idrettslaget eit løft, så stort at
minna om renna lever den dag i dag mellom alle som var der. Svein Hjorthol har levert tre foto frå
1962-rennet (fotograf Johan S. Grebstad). Her ser vi hoppdommar Edvard Hole
(t.v) i kjend positur. Til høgre står Jon Hjordal, rennleiar under begge renna.
Men det store spørsmålet er – og som vert helgakonkurranse denne helga – kjenner
du mannen i midten…? Vi kan nemne at vedkomande var «speaker» både under rennet
i 1962 og i 1965.

Send forslaget ditt til:

E-post: atlehole@online.no

Melding: 917 43 761

Det vert trekt premie
mellom alle med rett svar

God helg!