Turtausa er VIL-medlem!

Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Jan 2020

Velledalen IL synast det er kjekt at det er
"tilsig" av unge medlemmar, og då ikkje berre ungdommar som driv med
konkurranseidrett. Ein av dei nyaste signeringane delar turane sine på
biletetenesta Instagram, og er etter alt å døme ein flittig turgåar, til tross
for at ho omtalar profilen sin med "Turbeskrivelsa ført av ei med traurig
kondis." Ho gjer ein flott jobb med å forklare vegen til mange av bygda
sine turmål på ein veldig god måte. Fleire av Velledalen IL sine trimpostar er
også representerte.

   
    

   Identiteten er ikkje lett å finne fram til
gjennom Instagram-profilen, og held deg enn så lenge anonym av den grunn, men
vi veit kven du er, og set pris på det du gjer. Ein inspirasjon!
    

   
    

   Følg @turtausatrimbok på Instagram du og!