Olav Brunstad 65 år 18.januar
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Jan 2020
Olav Brunstad vert omtala
på VIL-Nett fordi han er ein slitar. Han likar turar som varer lenge i tid. Han
har mellom anna passert 25 deltakingar i Birkebeiner-rennet. Det er han saman
med Svein Arne Nakken åleine om å ha gjort som VIL-medlem.
Med far frå Brunstad
(Ludvik) og mor frå Stranda er det ikkje unaturleg at Olav likar seg i
Velledalen og representerer Velledalen IL sportsleg. Her dyrkar han
friluftsliv, jakt og fiske. Olav har budd i Ålesund, men vi trur Elverum har
vore staden i tyngda av hans vaksne liv. Elverum – staden der også Svein Nakken
«såg ljoset» med omsyn til skigåing som lærarskule-student. Litt artig difor at
dei to karane til saman har 50 fullførte Birkebeiner-renn.
Velledalen IL gratulerer ein
særdeles sprek og jovial 65-åring med dagen!
Og stor, stor takk til JK
som tipsa VIL-Nett om denne saka!