6 unge mødre med 16 born tidleg ute med VIL-medlemskap

Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Jan 2020

Damene og familiane det er snakk om dekker mange
idrettsgreiner. Dei er allsidige, men for å få med flest muleg sportar nemner
vi: orienteringsfamilien til Ingelin Sæle, fotballsparkarane i familien
Marianne Fløttum, sirkeltrenaren Janne Tomtum med familie, skifamilien til
Monica Breivik Orre, løparane til Pernille Ibsen Lervåg og familien til Hege
Bårnes der borna på to og fire sprang stafett i haust i Ramstaddalsløpet.

  
   
   

  Det er likevel VIL sitt orienteringsmiljø, med
O-dronninga Pernille i spissen, som knyt dei saman. Ein ny generasjon
VIL-utøvarar kan altså vere på veg - gull verdt i ei tid då fødselstala i
Sykkylven går ned.