Storspringaren vår fyller 47 i dag

Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Jan 2020

Vi har nyleg hatt ei sak
på nettsida vår som omhandlar Frode sin fantastiske framgang på løps-fronten
dei siste par åra. Difor skal vi ikkje mase så mykje meir akkurat om det. Bortsett
frå at han på fødselsdagen sin skal vite at vi er stolte av han som ein
framifrå ambassadør for Velledalen IL, og stolte av dei prestasjonane han har
levert – både i flatt og bratt terreng!

Vi får seie som han sa
friidrettsleiaren vår på klingande nordmørsk:

 -
   

 E visst æn kunne
gjær go«kjøp» i Osslo (jmf.Njål, Anette og Nikolai med fleire journ. anm.), mæn
att det i utkanntæn av Ål’sunn kommunæ var muli å finn kara som’n Frode…
Tottalt uvænta.

Håper du riv i deg både
kake, mokkabønner og kaffi på dagen din.
  
Til orientering ligg eit
   «blodferskt»
winerbrød og ventar på
 deg ved neste besøk i Nærbutikken Velledalen.