Nye VIL-løparar påmelde på Stranda

Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Jan 2020

arkivfoto
Vi har tidlegare meldt at
Kjell Magnar Berli var mellom deltakarane på 100 km-løpet. Like før prisane for
påmelding steig, kom fire VIL-løparar på lista i løpet over 25 km. Desse fire
er:

Radka Vosicka

Jan Rakottyai

Anders Wigdahl

Henning Tandstad

Frå nyttår er prisane på Stranda
slik:

25 km: 950 kroner

48 km: 1350 kroner

100 km: 1750 kroner

Medan det høg-kommersielle
løpet på Stranda i august 2020 alt 2.januar har 410 påmelde, tyder alt på at «Geiranger
frå fjord til fjell» - arrangert av Geiranger IL og Eidsdal IL – går mot magre
tider. Deira konsept i juni hadde same dato (2.januar) fattige 29 påmelde.
Mykje tyder på at storheitstida i Geiranger er over. Synd for eit godt konsept,
arrangert av lokale idrettslag til edruelege prisar.