486 saker på VIL-Nett i 2019

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Jan 2020

I løpet av året 2019 vart
det lagt ut 486 saker på nettsida til Velledalen IL. I høgt tal i eit år der
sida var ute av drift på grunn av tekniske årsaker i dagevis.

Om nokon lurer på kva som
er det mest lese stoffet Velledalen IL serverer lesarane sine, er svaret ganske
enkelt; det er resultatlista frå Konradløpet (hovudløpet). Slik har det vore år
etter år.

Under oversikta «travleste
dager til nå», ligg sju utgåver av 1.mai på topp. Deretter kjem fire utgåver av
30.april på dei neste plassane.

Elles er det alltid gode
dagar for nettsida når utøvarane våre har vore i aksjon og gjort det bra.

Stor takk til alle som
sender stoff og foto. De er viktige lenkjer i organisasjonen vår!