Både Sivert og Andreas klassevinnarar

Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Des 2019

Andreas har kring ei
handfull løp på distansen halvmaraton og tok nok ein gong denne distansen på
2019 sin tredje siste dag. Han gjennomførte solid utan sprekk til tida 1.53.36.
Bestetida hans på distansen er 1.46.38, rett nok sett under langt betre forhold
enn i romjula 2019.

Sivert nøgde seg denne
gongen med løpet på fem kilometer. Han levert solid til 21.11, som betyr han
hadde sett 18-talet under Konradløpet. Sivert er no stabil på tider rundt 21.00
på fem kilometer, sidan han gjorde fine 20,48 under Vinterkarusellen nyleg.

Både Sivert og Andreas
vart klassevinnarar i klasse M 16-17 år. Diverre er deltakinga laber i ungdomsklassene
i slike lange løp. Med fleire på startstrek hadde det vore meir inspirerande
også for karar som Sivert og Andreas. Men vi vonar dei finn inspirasjon i
konkurranse med dei som er eldre, og at stadige nye personlege bestetider er
oppmuntrande