Solskinshistoria om ein lastebilsjåfør og joggeskoa

Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Des 2019

Eit halvmaraton er langt.
Like over 21 000 meter. Menn i godt moden alder (over 45 år) byrjar berre i
lita grad med slikt. Dei kan velje kortare løp, eller starte med ølbryggjing.
Det er meir behageleg.

Men Frode Mauren var
engasjert – og dedikert. Lastebilen-sjåføren frå Giørtz som køyrde varen til
Nærbutikken i Velledalen brann etter å bli ein betre løpar. Etter ei kort
samråding på bakrommet til Nærbutikken fann tre sentrale personar i Velledalen
IL at:

 -
   

 Denne karen «kjøper»
vi.

Og vi fekk han rimeleg.
Nokre kaffikoppar i ny og ne, eit winerbrød no og då, og eit dusin mokkabønner
i månaden, var alt som skulle til.

Trioen som gjorde handelen
har aldri angra. Etter Frode kom inn i liva våre har han vore ei sann suksess-historie.
I motbakkeløp, på 10 kilometer og halvmaraton. No til dags skal alt
dokumenterast. Og det kan vi gjerne gjere.
   Frode sine fem løp i halvmaraton burde alle
vere stolte av. Familie, arbeidsgivar, venner og vi i Velledalen IL applauderer
desse prestasjonane:

12.mai 2018: 1.31.44 - Småtung debut på distansen i Ålesund.

30.des. 2018: 1.30.25 - persa under småglatte forhold i Ålesund.

11.mai 2019: 1.27.07 – persa
igjen, og fekk dokumentert at han hadde trena godt siste året.

5.okt 2019: 1.26.11 – Ny personleg
bestetid under gode forhold i Gloppen (Sandane)

29.des. 2019: 1.25.59 – Ny pers under ekstremforhold (vind og regn) i Ålesund.

Altså:
  Fem løp, der
alle enda med personleg rekord, og med ei bestetid som har gått gradene frå
1.31.44 – 1.25.59 – prestert av ein lastebilsjåfør over 45 år, i løpet av eitt
og eit halvt år!

Måtte denne historia om ein lastebilsjåfør og joggeskoa hans bli til
inspirasjon for andre yrkesgrupper som ligg i startgropa til eit personleg løft!!