Stranda Fjord Trail 2020: 100 km-løpet fullteikna
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Des 2019
arkivfoto
100-kilometeren i Stranda
Fjord Trail Race vert ny av året i 2020. Løypa går innom ei rekkje fjell og «destinasjonar»,
mellom desse Vellesætra og Brunstadsætra, for å nemne to kjende punkt. Vi kjem
tilbake til kvar løypa går når løpet nærmar seg.
Mellom dei 100 påmelde
fann vi få lokale på lista. Her er dei fire namna:
Stefan Boldsen – danske som
bur på Stranda
Are Olav Habostad - fullblods strandar
Linda Hovde – utflytta strandar
(dotter til Harry Hovde)
Kjell Magnar Berli - Velledalen IL
Kjell Magnar er tindrande
klart mellom topp-5 kandidatane i dette løpet, med ein kjennskap til løypa
ingen andre deltakarar sit på. Ein 100 prosent skadefri Kjell Magnar, kan til
og med vere ein vinnarkandidat.
Alt i alt hadde 316
deltakarar meldt seg på per 21.desember. Flest på 25 km der vi veit Velledalen
IL kjem til å stille ein sterk tropp. Litt færre påmelde på 48 km, der strandarane
førebels hadde
Liv Hilde Vågsæter og
Kristian Overå på lista.
PS. Vi minner om at
startkontingenten stig om ikkje lenge!