Æresmedlem Paul har passert 90 år

Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Des 2019

Sportsleg er Paul Hole
mest kjend for å vere Velledalen IL sin fyrste KM-vinnar. Så langt tilbake som
i 1949 (70 år sidan), og distansen var 1500 meter. Dette var i Paul sitt siste
år som junior-løpar. Vinnartida var 4.22.4, underlaget koksgrus.

I 1952 gjekk han på
Velledalen IL sitt lag som vann 4x10 kilometer stafett under KM i Hovdebygda.
Dei tre andre på laget var broren Olav, naboen Ole L. Hole og Jon C. Brunstad.

Paul var og ein habil
fotball-spelar på Velledalen IL sitt lag i etterkrigsåra.

Det spesielle med Paul er
at han har ei karriere også i nyare tid. Idrettsmerke-taking har han meir eller
mindre sysla med heile tida, og nærmar seg no 60 godkjende prøver. Han tok
merkekrava også i 2019 – i sitt 90.år, noko han er åleine om i Velledalen IL.

Han har over 30 startar i
Fjellsæterrunden si trimklasse. Eit renn Paul fekk æra av å overleve, sidan
rennet no er lagt ned. Han har full pott med 18 av 18 mulege Konradløp. Då han
fullførte løpet i fin stil 1.mai 2019, gjekk han altså i sitt 90 år. Berre
Tomas Tandstad og Kjellaug Ulset har fullført løpet i høgare alder. Også under
Ramstaddalsløpet har han vore fast «inventar", ofte som startmann.

Fotoet er henta frå
Ramstaddalsløpet 2017, der Paul var startmann. T.v står langrennsleiar Svein
Arne Nakken og på motsett side har vi friidrettsleiaren Alf Petter Bøe. Paul
manglar med andre ord eit par mnd på 88 år på fotoet.

PS. For å ære jubilanten
tek vi med eit idrettsminne frå 2012, ført i penn av Atle Jomar Hole

les her