Osloavdelinga satsar tungt
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Des 2019
Nettsida til Velledalen IL
var i helga på vitjing med Osloavdelinga i hovudstaden. Ute var det regn, sludd
og småglatt. Innandørs på Bislett var forholda perfekte. Frammøtet til
treningsøkta var sett til 11.30. Ni møtte, inkludert gjestane Henning Tandstad
og Ann-Helen Hole frå bygda mellom fjord og fjell på Sunnmøre
Hinderløparen, Anette Heimli
Jokstad, var tilbake med den fyrste løpstreninga etter fotballskade. Ho tok det
forsiktig, men var optimist med tanke på skaden.
Hardast køyrde duoen Njål
Torillson Tyssing og Nikolai Handle Jensen. 8 X 1000 meter (ca) med fart i
nærleiken av 3.15 per kilometer riv i skrotten. Anders Wigdahl opna rolegare,
men køyrde opp intensiteten mot slutten.
Også den tidlegare
fotballspelaren, Per Olav Sætre, deltok på økta. Ikkje like kjapp som i
glansdagane, men enno rapp nok i beina til å kunne spela fast for Sykkylven IL
i 2020.
Det var kjekt å registrere
at dei skadefrie og friske såg spreke ut. Gruppa har som mål å sette preg på
det 19.Konradløpet den 1.mai. Og fleire vil vere krumtappar på laget til
Holmenkollen-stafetten helga etter Konradløpet.
Osloavdelinga er gull
verdt for Velledalen IL, og det er ingen dristig spådom at den vil forsyne seg med
fleire gjeve prisar under Idrettsgallaen for 2019.