14.desember går 2.løp i vinterkarusellen
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Des 2019
Arkivfoto
Somme av løparane våre har
nok juleforma inne. Det er vi ganske sikre på når fleire av dei stiller til
start i Ålesund laurdag 14. desember. Det som alltid vil vere usikkert – og knytt
ei viss spenning til – er forholda, berre ei veke før solsnu.
Knappe to døgn før løpet stod det 11 namn på
deltakarlista. Mellom desse kjende namn som Olaf Einar Øien (75+) og Alf Petter
Bøe (50-54 år). Men vi veit at fleire VIL-løparar stiller. Mellom dei Frode
Mauren, som håper stabilisere seg på 37-talet på 10 kilometer.