Vind i segla for Jan Kåre Oterhals

    Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Des 2019

    Jan Kåre Oterhals har vind
    i segla for tida. Han imponerte i 2018 med ein litt overraskande 4.plass og
    1904 poeng.. I år fleska han til med 3143 poeng, noko som heldt til 2.plass på
    samanlagt-lista. Vi nemner at poengsummen hans ligg 600 poeng over 2.plassen
    frå 2018.

    Grunnlaget for Jan Kåre
    sin sterke sesong litt i hovudsak i 383 noteringar på Bruna trimpost. Men han
    har også sju turar til Brunstadsætra, Brunstadkølen og Holetindane. Pluss eit
    mindre tal turar til Regndalen, Myrdalsfjellet, Koppen, Vellesætra og
    skogsvegen Hjorthol. Med andre ord ein allsidig vandrar, som det skal bli
    spanande og fylgje vidare.

    Når berre samanlagt-vinnaren manglar ser lista for
    siste trimåret slik ut:

    2. Jan Kåre Oterhals, 3143
    poeng – 412 turar

    3. Solveig Olsen, 2676
    poeng – 384 turar

    4. Ingunn Hole Hunnes,
    2275 poeng – 325 turar

    5. Ivar Arne Flo, 2037
    poeng – 291 turar

    6. Ingrid Brudevoll, 1871
    poeng – 287 turar

    7. Kjell Olsen, 1491 poeng
    – 214 turar

    8. Grethe Fet, 1488 poeng - 395 turar

    9. Odd-Kåre Fet, 1474
    poeng – 388 turar

    9. Arnhild Linga, 1474
    poeng – 220 turar

    Like ved:

    11. May Britt Østro, 1407 poeng

    12. Elling Hole, 1403 poeng