2234 grasrotkroner i november

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Des 2019

Grasrotpengar utgjer ei
flott økonomisk støtte til Velledalen IL gjennom året. I snitt kjem det inn
godt i overkant av 2000 kroner per månad. I november 2019 var summen 2234
kroner, mot 2031,- i same månad i 2018.

Men der er likevel ein
stor skilnad. I november 2018 hadde laget 84 grasrotspelarar, i november 2019
var talet auka til 94. Kasserar Henning Tandstad er særs glad i
grasrotspelarane sine, og takkar kvar og ein varmt og mykje gjennom VIL-Nett.