Trimpostane Ingrid Brudevoll best i Velledalen
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Nov 2019
I 2018 vart
Ingrid Brudevoll nummer fem med 1782 poeng. I år auka ho til 1871 poeng, men
måtte likevel ned til 6.plass på lista. Begge åra var ho beste velledaling på
samanlagtlista!
1871 poeng er
meir enn alle trimpostvinnarane hadde i perioden 1991-2002, berre for å ha sagt
det. Best i perioden 1991-2002 var Konrad Brunstad med 1868 poeng, altså tre
mindre enn Ingrid hadde i år. 2002 var året der Liv Skogvold gjekk til meir enn
2600 poeng –
omtala som ein uslåeleg
rekord, den gongen.
Ingrid
Brudevoll har vore meir allsidig i turval enn normalt er. Ho har 94 turar i
skogsvegen Hjorthol, 62 til Koppen, 60 til posten på Myrdalsfjellet, 41 på
Vellesætra og 17 til Brunstadsætra. Pluss eit mindre tal til postar som
Holetindane og Brunstadkølen. I alt gjekk ho 287 turar i det aktuelle trimåret.
Topp-10 samanlagt
trimpostar Velledalen IL 2019:
6. Ingrid
Brudevoll 1871 poeng – 287 turar
7. Kjell Olsen
1491 poeng – 214 turar
8. Grethe Fet
1488 poeng – 395 turar
9. Odd-Kåre
Fet 1474 poeng – 388 turar
9. Arnhild
Linga 1474 poeng – 220 turar
Like ved:
11.
May Britt Østro 1407 poeng
12.
Elling Hole 1403 poeng