Trimpostane samanlagt: 1474 poeng heldt til topp-10

Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Nov 2019

I 2018 måtte ein ha 1506
poeng for å kome på topp-10 lista over dei beste poengsankarane på Velledalen
IL sine 14 trimpostar. Dette året heldt det med 1474 poeng. Ein sum to personar
greidde. Altså delt 9.plass mellom Odd-Kåre Fet og Arnhild Linga. To personar
som alltid leverer mellom dei beste. Ingen av dei var inne på topp-10 i fjor,
så begge er i framgang. Odd-Kåre la grunnlaget for plasseringa gjennom spesielt
stor aktivitet i skogsvegen Fet (330 turar), men også fine 50 turar i
skogsvegen Drabløs. Arnhild leverte 104 turar til Brunstadsætra og 93 til
Vellesætra

Topp-10 samanlagt trimpoeng 2019:

9. Odd-Kåre Fet 1474 poeng
– 388 turar

9. Arnhild Linga 1474
poeng -
   220 turar

Like ved:

11. May Britt Østro 1407 poeng

12. Elling Hole 1403 poeng

NB!

Veit nokon at tala som
vert presentert ikkje stemmer, gjer vel å melde frå til statistikkførar Nils
Terje Skylstad eller Atle Jomar Hole (atlehole@online.no)