14 339 noterte namnet sitt i trimbøkene siste år
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Nov 2019
Når tala frå alle postane
er summerte, syner det seg at dei 14 trimpostane i VIL-regi har samla 14 339
noteringar frå oktober 2018 til oktober 2019. Ein liten nedgang, sidan
tilsvarande tal året før var 14 671. Men nedgangen er mindre enn
Brunstadsætra sin nedgang åleine (truleg grunna flytting av post), så dette
snur vi denne sesongen.
Lite snø og ein fin haust
så langt, gjer at fleire av postane har fått ein kanonstart. Eksempelvis vil
skogsvegen Hjorthol ha halvparten av fjorårsresultatet alt to månader etter trimbokskiftet!
Og frå fleire andre postar vert det meldt om stor aktivitet. Alt tyder på at
oktober 2019 til oktober 2020 vert eit svært bra år.
Det er sjølvsagt ei
frivilleg sak å skrive seg inn i bøkene. Men takk til alle som gjer det!
Gjennom underskrifta di synleggjer du at du set pris på tilbodet og ikkje minst
den innsatsen statistikk-føraren vår, Nils Terje, legg for dagen.