Førjulsmesse i Velledalen 16. og 17. november
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Nov 2019
Årets messe i regi av VRF,
korpsa i Velledalen og Straumgjerde og Velledalen IL , vert den 27. i rekkja.
Det vert meldt om fullt hus på utstillar-sida, så alt ligg til rette for ei
vellukka helg. Som vanleg vert det stor tombola begge dagar, og eit sosialt
preg med rikhaldig kakebord og god kaffi
Velledalen IL sine
hovudoppgåver under messa:
All utstillar-kontakt
Klargjering i grendahuset
før messa
Rulling av 6500 tombola-lodd
Levering av minst 500
tombola-vinstar
Levering av minst 30 kaker
Vakthald etter stengetid
laurdag og natt til sundag
Rydding i grendahuset
etter messa.
Vi håper bygdafolket
strøymer til som vanleg. Og sidan dette er dei siste opningsdagane i Solveig
Hopland si kunstutstilling i Holmbergs Gartneri, vonar vi mange stikk innom ein
av Konradløpet sine trufaste premieleverandørar. Solveig har ope 10.00 -19.00.
Årets utstillarar her