1141 noteringar ved sætreelva i Holemarka
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Nov 2019
Trimposten i Holemarka
hadde 144 fleire noteringar i 2019 enn i 2018. Dermed passerte den skogsvegen
Fet og kneip 5.plassen.
Tala for dei
siste fem åra:
2015: 1280 noteringar
2016: 1184
2017: 1185
2018:
997
2019: 1141
Topp-5 i Holemarka 2019:
1. Nils Terje Skylstad 146
turar
2. Andor Bjørke 123
3. Oleanne Hole 80
4. Myriam van Wunsel 70
5. Ove Inge Skylstad
Frå før har Ingrid
Brudevoll gått til topps på to postar (Koppen og skogsvegen Hjorthol). No har
Nils Skylstad gjort det same, som trimpostvinnar i Holemarka og på Holetindane.
Elles er posten i Holemarka spesiell på fleire måtar. Posten er den einaste som
har ein utøvar utanom Norden (Myriam) inne på topp-5, og posten har i Oleanne,
den yngste utøvaren som er inne på ei topp-5 liste for VIL sine trimpostar i
2019. Elles finn vi to røynde hunde-luftarar, Andor Bjørke og Ove Inge Skylstad,
inne på lista.
Stoda mellom dei ulike postane i 2019:
5. Sætreelva i Holemarka,
1141 noteringar, Nils Terje Skylstad trimpostvinnar
6. Skogsvegen Fet, 1081, (Grethe
Fet)
7. Myrdalsfjellet, 802,
(Elling Hole)
8. Skogsvegen Drabløs,
668, (Annlaug Lervåg)
9. Skogsvegen Hjorthol,
485, (Ingrid Brudevoll)
10. Koppen, 461, (Ingrid
Brudevoll)
11. Regndalen, 432, (Geir
Helge Grebstad)
12. Brunstadkølen, 248, (Veronika
Ulriksen)
13. Høgsætra Fet, 102,
(Anita Mosby Nakken)
14. Holetindane, 95, (Nils
Terje Skylstad)
Kjønnskampen:
KVINNER – MENN
6-4