Frode: Frå 39.57 til 37.21 på 364 dagar
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Nov 2019
Frode Mauren treivst så
godt i kafeavdeling i Nærbutikken i Velledalen, der han vart traktert med
kaffi, winerbrød og mokkabønner, at han like godt melde seg inn i Velledalen
IL. Til stor undring for mange.
Ikkje veit vi om
friidrettsleiar Bøe har montert rakett i enden på Frode, men nykomaren i
Velledalen IL leverer i alle høve varene, både i nærbutikken og for Velledalen
IL.
Sjå og nyt tidene frå vinterkarusellen (10 km) i
Ålesund siste året:
10. november 2018: 39.57
(ein milepæl, Frode sprengde 40 minutts grensa)
8. desember 2018: 39.24
12. januar 2019: 38.57
9. februar 2019: 39.08 (
einaste gong han ikkje har persa)
2.mars 2019: 38.37
9. november 2019: 37.21
Til orientering: Frode
spring i klasse 45-49 år.