Vinterkarusellen 2019/2020: Ung framgang

Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Nov 2019

Vår to yngste, Tobias
Ibsen Lervåg (G under 10 år) og Johan Fløttum Fauske (G 10-11 år)
debuterte

 i vinterkarusellen i 5. løp
(sesong 2018/2019) den 2.mars 2019. Johan brukte då 27.29, Tobias 28.03. Sist
laurdag gjekk 1.løp i sesongen 2019/2020. Tobias og Johan var på plass, begge
med tida 26.09. Med andre ord; enorm framgang på åtte månader!

10.november 2018 sprang
Sivert Mosby Nakken 5 km i vinterkarusellen i Ålesund på 22.50

2.mars 2019 sprang han
nøyaktig same løypa på 21.55.

Og 9.november 2019 pressa
han tida ned i 20.48. Framgang på to minutt og to sekund på 364 dagar….formidabel
prestasjon, rett og slett. Og tek vi ikkje feil, er tida til Sivert nokre små
sekund betre enn tvillingbror Andreas har i same løypa.

Andreas Mosby Nakken hadde
44.40 som bestetid på 10 km frå karusellen 2018/2019. Laurdag opna han
karusellen 2019/2020 med ny personleg bestetid på 44.21. Og vi er ganske sikre
på at Andreas har meir inne

I desember er det nytt løp.
Då kan også William Hansen og Lars Urke Hjorthol jakte nye personlege rekordar,
etter ein vellukka debut sist laurdag. Men årstida er per definisjon vinter,
som betyr at forholda kan variere enormt frå gong til gong. Difor let det seg
rett og slett ikkje gjere å prestere topptider kvar gong. Men Velledalen
   IL gler seg over dei unge, og framgangen dei
viser!