Bli med oss på sirkeltrening!
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Nov 2019
Bli med oss på sirkeltrening!
Onsdagskveldane er det full fart i Velledalen Grendahus. Her ordnar driftige damer til i salen med flotte varierte øvingar som gjer godt for kroppen og fær fart på blodpumpa.
«Det er bra oppslutning rundt treningane, men vi vil gjerne ha med enda fleire. Du kan vere med uansett ambisjonsnivå, då treningane våre tilpassast kvar enkelt» fortel Bjørg, Janne og Ann-Helen som akkurat har fullført kveldens trening. «Og så er det sosialt, vi har det så kjekt ilag!» avsluttar dei.
Så her er det berre å møte opp: Velledalen Grendahus, onsdagar kl. 20:00.
Det einaste vi ønskjer frå deltakarane er eit medlemskap i VIL.
For ein vaksen kostar medlemskapet 200 kroner som kan betalast inn på kontonummer 4045.10.23537, evt. tek den som leiar treninga imot betalinga kontant og melder frå til kasseraren om nysigneringa!