Ny fantastisk O-bok er ute
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Nov 2019
O-boka bør vere i alle
heimar som likar orientering. Boka er eit samleobjekt for alle som er opptekne
av o-idretten. Ein naturleg del av boksamlinga til einkvar o-løpar. Årets
utgåve er det 17. i rekkja. Den er på 240 sider, ført i penn av Vidar
Benjaminsen og Erik Borg. Og omhandlar både norsk og internasjonal
orienteringsidrett.
Og her kjem altså Velledalen
IL inn. På side 208 vert vi omtala som ein av fylket sine sju klubbar under
tittelen: «- Kanskje vi blir en satelittklubb». Tre foto er det på sida, to av
Anne Grete Inset og eitt av Pernille Lervåg. Tre gode foto!
Og vi synest vi må ta med
namna på alle VIL-medlemane som har hamna i O-boka 2019:
Mariell Naustenget, Tiril
Hatlemark, Henrik Hatlemark, Sofie Fauske Fløttum, Sigurd Fløttum Fauske,
Mikkel Ibsen Lervåg, Iben Olin Lervåg, Ola Indset Bruntn, Alastair Bruntn,
Andreas Naustenget, Eira Tronstad, Alma Tronstad, Johan Fløttum Fauske, Tobias
Ibsen Lervåg, Marianne Fløttum, Jon Sæle bakke, Pernille Ibsen Lervåg, Cecilie
Naustenget, Tyra Tronstad, Bernt Are Lervåg, Ingeløv Tronstad, Lars Even
Hatlemark, Anne Britt Hammer, Øystein Fauske, Atle Tronstad og Øystein Bakke.