Trimpostane 2019: Nedgangstider på Holetindane
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Okt 2019
arkivfoto
I 2018 kom Holetindane
trimpost føre Høgsætra i besøkstal, men i 2019 måtte posten som gir 30
trimpoeng ta til takke med 14. og siste plass. Med skarve 95 noteringar. 16 av
desse til Nils Terje Skylstad, mannen som nesten alltid (Nancy Eggen vann i
2013) vinn denne posten.
Topp-5 Holetindane trimpost 2019:
1. Nils Terje Skylstad 16
turar
2. Jan Kåre Oterhals 7
turar
3. Veronika Ulriksen 3
turar
4. Sju personar med 2 turar
Noteringar Holetindane trimpost siste fem år:
2015: 127 noteringar
2016: 163
2017: 121
2018: 109
2019:
95
PS 1: Vi gjer merksam på
at trimåret vi snakkar om går frå oktober 2018 til oktober 2019
PS 2: Finn nokon feil i
statistikken som vil kome flittig på nettsida i tida framover, gjer då vel og
meld frå til Nils Terje Skylstad eller Atle Hole (atlehole@online.no).