To klassesigrar på Hareidslandet

Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Okt 2019

arkivfoto
Det 12,5 kilometer lange
løpet hadde denne gongen 55 fullførande. To av desse VIL-medlemar. Alf Petter
kom sterkt tilbake etter halvkollapsen i Gloppen sist han var i aksjon. Denne
gongen heldt han heilt inn. Sluttida 49.29 var kring minuttet føre skarpaste konkurrent,
Dag Harald Moldskred, for Rindal IL sin representant.

Olaf Einar vann klasse 75-79
år på tida 1.20.08 under gode forhold, men litt vind, vert det meldt frå
Hareid.

Beste herreløpar vart
Kristian Nedregård på 42.35, medan beste kvinne, Monica Thorsen, hadde 1.00.32 - ei tid tre VIL-løparar på heimleg grunn kunne tukta (Pernille, Radka og May
Evy)