Mange jubileumsfeiringar siste tida
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Okt 2019
Velledalen Sogelag 20 år.
Laget markerte
20 års jubileum på sist sogekveld. Laget vart drege i gang av ein ikkje ukjend
trio som lyder namna Jarle Lade, Sissel Brunstad og Kari Hjorthol. I seinare år
har Gunnar Velle vore den drivande krafta med 16 år i leiarstolen.
Gåva til Velledalen Sogelag frå VIL hadde
historisk sus over seg. Ei flott kake som også var eit 70 års minne. Det er
nemleg i 2019 70 år sidan Paul Hole vart Velledalen IL sin fyrste KM-vinnar, då
han vann 1500 meter for junior på tida 4.22.4 på Aksla stadion. Kaka fall i
smak på sogelagsmøtet og det var deira trufaste medlemar vel fortent med kake.
Velledalen sogelag burde vere ein heit kandidat til Sykkylven kommune sin
kulturpris.
Velledalen Naturbarnehage 10 år.
Nyleg markerte Velledalen Naturbarnehage at den var
komen opp i tosifra alder. Sidan dei tilsette der imponerte med stor deltaking
og friskt mot under «Rosa sløyfe-løpet» i Ålesund, leverte Velledalen IL ei
gåve med spore til vidare innsats. Velledalen IL betalar nemleg
startkontingenten til alle tilsette i Velledalen Naturbarnehage som stiller til
start i løpet «Jentebølgen» i Ålesund i 2020.
Knut Orre (alder usikker, men truleg 24).
Velledalen IL har lenge lova Knut Orre kake. Faktisk
i meir enn eitt år. Men det har liksom aldri passa for begge partar. Knut hadde
gjort seg fortent til kake fordi han på eige initiativ starta opp med
skitrening for born på fjellet. Nok om det. Denne helga hadde Knut fødselsdag,
og Velledalen IL leverte kake frå Nærbutikken i Velledalen (sjå foto).