Jan og Jonny deltok i hopprenn
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Okt 2019
Med andre ord; VIL var
representert med ein superveteran i klasse M 70+ (Jan Ringseth) og ein unggut i
klasse G 11 år (Jonny Mauren).
Truleg må
vi tilbake til slutten av 1960-talet eller starten på 1970-talet sist
Velledalen IL hadde to hopparar i same renn. Så i så måte er 2019 litt
småhistorisk når det gjeld hoppsport.
Jonny hadde som mål å
sprengje 20 meters grensa i konkurranse. I dag var det nær. Så nær det kan få
blitt, då han i sitt fyrste hopp landa på 19,5 meter. I andre omgang strekte
han seg til 19 meter akkurat. Med stilpoeng frå 11,5 til 13 poeng vart det
2.plass på Jonny, bak trøndaren Alvin Le frå Byåsen IL.
Jan Ringseth har lang
erfaring som hoppar. Rennet i Spjelkavik gav Jan 1.plass i K25 meters-bakken og
2.plass i K 40 meter. I største bakken hoppa Jan 26 meter i begge hoppa.
Vinnaren, Jan Willy Oskal, Trysilgutten, hoppa 25,5 meter og 26,5 meter. Med
andre ord nøyaktig same lengde samanlagt. Det vart stilen som avgjorde denne
gongen.
Resultat M 70 +
1. Jan Willy Oskal, Trysilgutten, 114, 4 poeng
2. Jan Ringseth, Velledalen IL, 101,9 poeng
3. Jan Veseth, Skogn IL, 82,4 poeng
Legg merke til at det var 3xJan som deltok her
I K 25-bakken vann Jan Ringseth klassa etter to hopp på 20 meter, føre
Jan Veseth frå Skogn IL