VIL-sport i helga
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Okt 2019
VIL sin einaste
gutehoppar, Jonny Mauren, skal i aksjon på plasten i Spjelkavik, der det er
hopprenn sundag. Kanskje sprengjer han 20 meters grensa akkurat denne helga….?
I så fall ein milepæl å ta med vidare i satsinga.
Veteranane Olaf Einar Øien
og Alf Petter Bøe – og kanskje fleire - spring Snipsøyrvatnet Rundt på Hareid
laurdag 19.oktober. Løpet er om lag 12,5 kilometer. Det vert meldt at
friidrettsleiaren håper å snike seg under 50 minutt.
Elles går populære Hytteplanmila
ved Hønefoss denne helga. Vi reknar med at Osloavdelinga syter for
VIL-deltaking der, utan at vi i skrivande stund nøyaktig veit kven som stiller.
Og det kan vere hendingar
vi ikkje veit om…. Mange er flinke og sende resultat og foto til nettsida vår,
noko vi set umåteleg stor pris på. Hald fram med det!. Slikt gir liv til sida
Send stoff til: atlehole@online.no