Kva må til for å vinne ein VIL-trimpost…?

Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Okt 2019

Vi skal ikkje røpe mykje på noverande tidspunkt. Men ytterpunkta er 12 turar til Høgsætra og 567 turar til Bruna trimpost. Dei andre postane ligg ein stad mellom dette. Men la det vere klart; 567 turar til Bruna trimpost utgjer over eit halvt årsverk for eit gjennomsnitts-menneske. For somme ville truleg tidsbruken lege opp mot 0,8 årsverk i tidsbruk. Rekna etter same skala vil 12 turar til Høgsætra (gått frå Fet) utgjere mellom 20-25 timar. Som alle skjønar representerer dei 14 postane utfordringar som burde høve for dei fleste.

Velledalen IL legg både tid og pengar i trimpost-konseptet sitt. Difor håper vi rett mange kjem seg ut i det komande trimåret. Skriv namnet ditt i bøkene, og bli gjerne med i kampen om å bli best på ein av postane – eller eit anna høveleg mål; å greie ei topp-5 plassering på ein av postane. Vi set pris på aktive born, kvinner og menn i nedslagsfeltet vårt.