VM-deltaking ikkje kvardagskost i Velledalen IL

Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Okt 2019

Hinderløparane våre, Anette Heimli Jokstad og Nikolai Handle Jensen, er denne helga i London. Der vert det arrangert VM, med individuelle konkurranse på laurdag. Der stiller Anette i eliteklassa, Nikolai i klasse herrar 30-34 år. Anette vert med dette den fyrste som representerer Velledalen IL på elitenivå i eit VM – gratulerer Anette!!

  Vi har tidlegare vore representert i VM på veterannivå. Skarpe hovud vil hugse at Pernille Ibsen Lervåg gjorde det svært bra i VM i orientering i klasse 35-39 år, med 8.plass som beste resultat. Og Jan Ringseth har medalje frå hopp-VM for veteranar for Velledalen IL. Her er vi litt usikre på aldersklassa, men det dreier seg om superveteranar.

  

 Nivået i eit VM i hinderløp veit vi lite om, men eitt er sikkert. Får vi topp-20 plasseringar vert det ete ferske winerbrød på Nærbutikken sitt bakrom komande tysdag, til ære for Anette og Nikolai. Løypa dei skal gjennom laurdag er 15 kilometer, litt lenger enn dei nornalt spring i Norden.

Sundag stiller våre i stafett med mix-lag, og ekstra gledeleg er det at Marcus Megrund også stiller her. Marcus er mest kjend på Sunnmøre som ein glimrande løpar for IL Valder . Sterk på 5 og 10 km, og heller ikkje å kimse av i motbakkeløp.

  

 Nettsida til Velledalen IL ynskjer masse lukke til i helga!