Gloppen halvmaraton godt for kroppen

Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Okt 2019

Laurdag 5.oktober markerte Velledalen IL seg på ein
positiv måte under Gloppen halvmaraton. Av i alt 37 fullførande deltakarar var
tre VIL-medlem, nemleg Radka Vosicka, Alf Petter Bøe og Frode Mauren.

Forholda var gode, med sol, vindstille og
oktoberkjølig luft.

Frode Mauren hadde som mål
å setje ny personleg bestetid. Han passerte vending halvvegs på 42.42. Siste
delen gjorde han unna på 43.29, som gav ei samla tid på 1.26.11. Ny personelg
rekord med knappe minuttet, og klassevinnar i 45-49 år. Kort sagt imponerande
av mannen som har sprunge fire halvmaraton og sett ny bestetid kvar einaste
gong.

Alf Petter Bøe hadde som
mål ei tid kring midten av 1.20-talet. Det opna ganske så lovande med 43.03 ved
vending. Dei neste fem kilometerane gjekk også godt, men så fekk rutinerte Alf
Petter «hammaren» - noko den rutinerte karen svært sjeldan gjer. Slutt-tida
vart 1.33.58, fin andre plass i klasse 50-54 år for Alf Petter

Radka Vosicka har 1.40.06
som bestetid på halvmaraton frå Ålesund i 2018. Klubbrekorden for Velledalen IL
på distansen er i hendene på Pernille Ibsen Lervåg (1.39.52). Ved vending viste
klokka 49.38 for Radka. Her kunne det bli ny klubbrekord om Radka sprang like
fort tilbake…. Men Radka fekk det tyngre etter kvart og kryssa mållina på
1.41.17 – nest beste kvinne-tid i løpet.

Beste herreløpar uansett
klasse vart Lars Ole Hageskal, Kyrksæterøra IL, 1.16.44. Beste kvinnetid
uansett klasse hadde Jody Brautaset med 1,31.33.

Vi gratulerer VIL-trioen med flott innsats på Sandane!!