Lars Even vann o-løp på Emblem
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Sep 2019
Sist helg varma Lars Even opp med ein halvmaraton i Oslo. Denne helga var han mellom sju startande på den kortaste herredistansen (4 km) under o-løpet «Fjellgeita» på Emblem. Lars Even kom inn til tida 59.45, noko som heldt til klassesiger. Nummer to, Knut Even Hole frå Førde IL, var nøyaktig minuttet bak vår mann.
11 utøvarar starta i hardaste løypa for kvinner, som var på seks kilometer. Mellom desse VIL-løparane Pernille Ibsen Lervåg og Marianne Fløttum. Pernille vart nummer tre på sterke 1.04.19, medan Marianne kom i mål til ein glimrande 6.plass (1.19.18). Vinnar av klassa vart Maren Jansson Haverstad frå Nydalen SK (56.32), med Emblem IL sin NM-vinnar i skiorientering frå 2019, Audhild Bakken Rognstad, på ein god 2.plass.
I «Fjellkillingen» for nybyrjarar hadde Velledalen IL med seks utøvarar. Desse var: Emil Balon, Johan Fauske, Sofie Fauske, Iben Olin Lervåg, Mikkel Ibsen Lervåg og Tobias Ibsen Lervåg. Tidene mellom dei yngste viser at våre løparar heng godt med på nivået, noko som lovar det beste for framtida.